Kerron Stephon Clement (fødd 31. oktober 1985) er ein trinidadisk-amerikansk friidrettsutøvar frå Port of Spain i Trinidad og Tobago. Han vart verdsmeister i 400 meter hekk i 2007 og 2009 og olympisk meister i 2016, alle gongane som representant for USA.

Kerron Clement


Statsborgarskap USA
Fødd 31. oktober 1985 (38 år)
Port of Spain
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016, Panamerikanske leker 2015

Kerron Clement under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro

Aktiv endre

Clement vart USA-amerikansk statsborgar i 2004. Same året vann han 400 m hekk ved junior-VM i friidrett. Den 26. juni 2005 sette han personleg rekord i øvinga med tida 47,24 sekundar, oppnådd i Carson i California. Han levde ikkje opp til favorittstempelet under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki og enda på fjerdeplass i finalen.

Sommaren 2007 forbetra Clement den personlege rekorden på 400 meter til 44,48 sekundar under eit stemne i Stockholm den 7. august. Han beheldt forma og vann ein klar siger i spesialøvinga 400 meter hekk då friidretts-VM fann stad i Osaka tre veker seinare. Året etter fekk Clement OL-sølv på langhekken under Sommar-OL i Beijing, der lagkamerat Angelo Taylor var heilt suveren i finalen.

Clement forsvarte verdsmeistertittelen på 400 meter hekk då VM i friidrett 2009 fann stad i Berlin. Han vann elles gullmedalje nummer to i meisterskapen då han sprang den andre etappen for USA i 4 x 400 meter stafett, dei andre på laget var Angelo Taylor, Jeremy Wariner og LaShawn Merritt.

Etter nokre svakare sesongar kom Clement tilbake i verdseliten i 2015, men var eitt hundredels sekund for seint ute til å kapre bronsemedaljen på langhekken ved VM i friidrett i Beijing. Derimot lukkast han overmåte godt då han stilte til start i dei olympiske leikane 2016. I ein jamn hekkefinale braut Clement målsnora på tida 47,73 sekundar, fem hundredels sekund framom kenyanaren Boniface M. Tumuti.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre