Kersti Kaljulaid
Kersti Kaljulaid (fødd 30. desember 1969 i Tartu) er ein estisk økonom og liberalkonservativ politikar som frå 10. oktober 2016 til 11. oktober 2021 var den femte presidenten i Estland.[1] Ho er det fyrste kvinnelege statsoverhovudet i Estland sidan landet vart uavhengig i 1918. Ho vart også den yngste som har vore president i landet, i ein alder av 46.[2]
Kersti Kaljulaid | |||
| |||
Fødd | 30. desember 1969 (54 år) Tartu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Estland | ||
Parti | ingen (2004) | ||
Yrke | embetsmann, konsulent, direktør, politikar, forretningsdrivande, idrettspersonlegdom | ||
Institusjonar | Hansapank Universitetet i Tartu | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tartu Tallinn Mustamäe Gymnasium | ||
Ektefelle | Georgi-Rene Maksimovski | ||
Medlem | Revisjonsretten | ||
Alle verv |
Kaljulaid har hatt ei rekkje leiande stillingar i næringslivet, og var økonomisk rådgjever for Estlands statsminister Mart Laar frå 1999 og 2002. Då Estland vart medlem av EU i 2004, vart Kaljulaid peika ut som den estiske representanten i Revisjonsretten. Ho sat der fram til ho vart Estlands president i 2016.
Kjelder
endre- ↑ Estonian parlt elects Kersti Kaljulaid president, baltictimes.com. Besøkt 3. oktober 2016
- ↑ Former European auditor Kersti Kaljulaid elected president of Estonia Estonian World, 2. oktober 2016. Hentet 3. oktober 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kersti Kaljulaid» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.