Kesha Rose Sebert (fødd 1. mars 1987 i Los Angeles i Kalifornia i USA), berre kjent som Kesha eller Ke$ha, er ein amerikansk songar og låtskrivar. Debutalbumet hennar, Animal, og den første EP-en hennar, Cannibal, kom ut i 2010. Musikken og imaget til Kesha gav henne umiddelbar kommersiell suksess, og Animal nådde førsteplass på albumlista i USA. To av singlane hennar har kome til topps på den amerikanske singellista, nemleg «Tik Tok» og «We R Who We R», og fleire av dei andre singlane hennar har også hamna på topp 10-lista. Det andre studioalbumet hennar, Warrior, kom ut i desember 2012 og inneheldt den åttande topp 10-hiten hennar, «Die Young».

Ke$ha

Kesha i New York City i november 2012.
Fødd1. mars 1987 (37 år)
Los Angeles i Kalifornia i USA
FødestadLos Angeles
FødenamnKesha Rose Sebert
OpphavUSA
Aktiv2005 til i dag
SjangerDansepop, electropop, hiphop
Stemmetypemezzosopran
Verka somsongar, låtskrivar
PrisarGenesis Award, Time 100

Sidan debuten har Kesha vorte nominert til over 40 prisar, og vunne meir enn femten. Per november 2013 hadde ho selt over 35 millionar album i USA og 57 millionar album på verdsbasis.[1][2]

Kesha er opent biseksuell og aktiv dyrevernar som har vore involvert i dyreretts-aktivisme og er vegetarianar.[3][4]

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. «International Music Superstar Pitbull To Host The 2013 American Music Awards on Sunday, November 24th at 8 p.m. ETPT on ABC». PR Newswire. UBM pic. 5. november 2013. Henta 3. desember 2013. 
  2. «International Music Superstar Pitbull To Host The "2013 American Music Awards®" on Sunday, November 24th At 8 PM ET/PT On ABC». CNBC. NBC Universal. 5. november 2013. Henta 3. desember 2013. 
  3. Kinser, Jeremy (11. juni 2012). «Ke$ha Performs Commitment Ceremony for Lesbian Friends». The Advocate. Here Media Inc. Henta 6. juli 2013. 
  4. Escudero, Nicki. «Kesha comes to Marquee Theatre; Talks Roadkill, Glitter and 'SNL'». Phoenix New Times. Henta 9. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kesha