Ketil Kjenseth

norsk politikar

Ketil Kjenseth (fødd 13. august 1968) er ein norsk politikar for partiet Venstre. Frå 2013 er han stortingsrepresentant for Oppland fylke.

Ketil Kjenseth

Ketil Kjenseth
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd13. august 1968 (55 år)
Lillehammer kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Kjenseth er lærarutdanna og diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt. Før han vart stortingsrepresentant arbeidde han i firmaet Norsk Vann. Fram til 2006 var Kjenseth assisterande generalsekretær og internasjonal sekretær i Venstre. Perioden 2006-09 var han politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. Sidan 2005 har Kjenseth vore medlem av kommunestyret i Gjøvik. I sin tredje periode i kommunestyret er han medlem av det tekniske hovudutvalet i kommunen.

Kjenseth var Oppland Venstre sin fyrstekandidat ved stortingsvalet 2013. Han erobra då utjamningsmandatet for Oppland fylke; dermed var Oppland representert på Stortinget med eit Venstre-medlem for fyrste gong på 64 år. På Tinget er Kjenseth medlem av Helse- og omsorgskomiteen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ketil Kjenseth