Kettering
Kettering er ein marknadsby i distriktet Kettering i Northamptonshire i England. Han ligg om lag 130 km frå London. Kettering ligg hovudsakleg på vestsida av elva Ise, ei sideelv til Nene som ho møter i Wellingborough. Opphavleg vart byen kalla Cytringan, Kyteringas og Keteiringan på 900-talet, og namnet meiner ein tyder «staden (eller området) til slekta til Ketter».[1]
Kettering | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Northamptonshire | |
Distrikt | Kettering | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
54 396 | |
Koordinatar | 52°24′N 0°43′W / 52.400°N 0.717°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NN15, NN16 | |
Telefon-retningsnummer | 01536 | |
Byen har kring 55 000 innbyggjarar. Byen, i lag med mange andre byar i området, har mange pendlarar som nyttar seg av jernbanen Midland Main Line, som har raske tog direkte til London.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kettering» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ R.L. Greenall: A History of Kettering, Phillimore & Co. Ltd, 2003, ISBN 1-86077-254-4. s.7.
Bakgrunnsstoff
endre- Kettering Evening Telegraph Arkivert 2008-08-28 ved Wayback Machine.
- Kettering Borough Council
- Kettering Town F.C. Arkivert 2012-08-12 ved Wayback Machine.