Kfar Uria

Kfar Uria (hebraisk כְּפַר אוּרִיָּה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Shephelah. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 855.[1]

Kfar Uria
moshav
Kfar Uria.JPG
Kfar Uria, 2006
Namneopphav: Urialandsbyen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Shephelah
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°47′36.96″N 34°56′54.23″E
Folketal 855 (2012)
Grunnlagd 1912 (original landsby), 1944 (første nybygging), 1949 (andre nybygging)
Tilhøyrsle Moshavrørsla

Kfar Uria
31°47′37″ N 34°56′54″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Uria

HistorieEndra

Landsbyen vart først grunnlagd i 1912 på landområde kjøpt frå Białystok-jødar, og tente som ein jordbruksskule. Blant innbyggjarane var A.D. Gordon. Under Palestinaopprøra i 1929 gjekk arabarar frå Jerusalem til åtak på Kfar Uria, med noko lokal hjelp, og plyndra og brende ned landsbyen. Innbyggjarane i dei nærliggande arabiske landsbyane hadde stort sett eit godt forhold til innbyggjarane i landsbyen, og mange såg på leiaren av moshaven, Baruch Yakimovsky, som sin mukhtar (landsbyhøvding).

Seks jødiske familiar som hadde vore att, vart seinare smugla ut av mukhtaren i Beit Far via ein av dei gamle naturlege grottene som ligg i området. Yakimovsky klarte, med hjelp av somme lokale mukhtarar, å arbeidde opp att landområdet i Kfar Uria, og i 1944 var landsbyen bygd opp att, berre for å bli øydelagd i den arabisk-israelske krigen i 1948.[treng kjelde] Kfar Uria vart angripen 11. januar, 1948, men klarte ved hjelp av ein Palmach-styrke og ein væpna britisk styrke å slå åtaket attende.[2][3] Haganah-vaktar drap utan provokasjon eit arabisk bondepar nær landsbyen kort tid etter, i februar det året.[4] I 1949 prøvde ein for tredje gongen å busetje område, då ein moshav vart grunnlagd på staden.

I sentrum av landsbyen ligg ein gammal khan, som ein gong husa jordbrukselevane, inkludert A.D. Gordon.

I 2009 - 2011 vart det bygd eit nytt nabolag med 69 nye hus og familiar.[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014. 
  2. Benvenisti, 2001, s. 107
  3. Morris, 200, s. 102
  4. Morris, s. 80.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Kfar Uria