Kfar Yavetz (hebraisk skrift כְּפַר יַעֲבֵץ, tyder Yavetz-landsbyen) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Tayibe og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 494 innbyggjarar.

Kfar Yavetz
כְּפַר יַעֲבֵץ
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Lev HaSharon
Koordinatar 32°16′29.99″N 34°57′52.55″E
Grunnlagd 10. april 1932
Tilhøyrsle Hapoel HaMizrachi
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Landsbyen vart grunnlagd den 10. april 1932 som ein kibbutz. Han vart kalla opp etter rabbi Ze'ev Yavetz, som var med å grunnlegjje Mizrachi-rørsla.[1]

Kibbutzen vart øydelagd i den arabisk-israelske krigen i 1948. Innbyggjarane slo seg ned på ny i Geulei Teiman og landsbyen vart bygd opp på ny som ein moshav i 1951.

Kfar Yavetz ligg i hjartet av Trekanten, nær Wadi Ara-hovudvegen.

Den 7. juli 2003 vart Mazal Afari, ein 65 år gammal innbyggjar i Kfar Yavetz, drepen i heimen sin av sjølvmordsbombar frå Islamsk Jihad. Terroristen gjekk inn i huset hennar og detonerte bomba som han bar i ein bag.[2] Tre av barnebarna hennar vart skadde i åtaket.[3] Huset vart øydelagd i eksplosjonen.[4]

KjelderEndra