Kfarhamam (òg Kafarhamam, Kafrhamam, Kfar Hamam, Kafar Hamam, arabisk كفرحمام) er ein liten landsby som ligg i Arqoob-området i Hasbaya distrikt i Sør-Libanon, aust i Nabatieh guvernement. Kfarhamam ligg nær landsbyen El Mari i sør, landsbyen Hebbariye i nord, Kfar Chouba i aust og Rachaya Al Foukhar i vest. Han ligg 117 km frå Beirut, og kring 850 meter over havet.

Kfarhamam
كفرحمام
by
Land  Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Hasbaya distrikt
Koordinatar 33°20′35.59″N 35°40′42.09″E / 33.3432194°N 35.6783583°E / 33.3432194; 35.6783583
Retningsnummer +961
Kart
Kfarhamam
33°20′36″N 35°40′42″E / 33.343219444444°N 35.678358333333°E / 33.343219444444; 35.678358333333
Kart som viser Kfarhamam.
Kart som viser Kfarhamam.
Kart som viser Kfarhamam.
Wikimedia Commons: Kfarhamam

Landsbyen har ei strategisk plassering i fjellsida av Hermon med utsikt over Øvre Galilea i Israel og han ligg særs nær Golanhøgdene og Shebaa-gardane. Han ligg òg nær staden der grensene til Libanon, Israel og Syria møter kvarandre.

Historie

endre

Kfarhamam er eit assyrisk ord. Kfar tyder hus og hamam tyder fred, og Kfarhamam tyder dermed «huset med fred». Landsbyen er kring 500 år gammal og har blitt øydelagd og bygd opp att fleire gonger sidan 1970-åra. Mange folk har flytta på grunn av tryggleiksproblema i området. I 1970-åra stod landsbyen i periodar heilt folketom. Fleire har immigrert til Brasil og Canada.

Den israelske okkupasjonen av landsbyen varte i 22 år. Landsbyen vart igjen råka av Libanonkrigen i 2006.

Kjelder

endre