Khamis Mushait eller Khamis Mushayt (arabisk خميس مشيط, Ḫamīs Mušayṭ) er ein by sørvest i Saudi-Arabia, aust for Abha, som er det administrative senteret i Asir-provinsen. Han ligg 1300 km frå Dhahran og 884 km frå hovudstaden Riyadh.[1] Byen er senter for Shahran-stamma.

Khamis Mushayt
خـميــس مشيـــط
by
Land  Saudi-Arabia
Region Asir
Koordinatar 18°18′N 42°44′E / 18.300°N 42.733°E / 18.300; 42.733
Folketal 713 000  (2011)
Folketettleik 713 000 / km²
Borgarmeister Saeed Bin Mushait
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Retningsnummer +966-7
Kart
Khamis Mushayt
18°18′00″N 42°44′00″E / 18.3°N 42.733333333333°E / 18.3; 42.733333333333
Kart som viser Khamis Mushayt.
Kart som viser Khamis Mushayt.
Kart som viser Khamis Mushayt.
Wikimedia Commons: Khamis Mushayt
Nettstad: www.kmm.gov.sa

Historie

endre

Fram til 1970-åra var Khamis Mushait ein mindre by som tente den kringliggande jordbruksregionen. Sidan den gongen har folketalet auka dramatisk til over ein halv millionar i 2011.[2]

King Khalid flybase (KMX) ligg ved byen.[3] Under Golfkrigen i 1991, nytta US Airforce basen, og sendte bombefly mot Bagdad.

Kjelder

endre
  1. Cordesman, Anthony H. (1987). Western Strategic Interests in Saudi-Arabia. Croom Helm. s. 170. ISBN 978-0-7099-4823-0. Henta 21. mai 2016. 
  2. «Saudi-Arabia: largest cities and towns and statistics of their population». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 21. mai 2016. 
  3. Cordesman, Anthony H.; Al-Rodhan, Khalid R. (2007). Gulf Military Forces in an Era of Asymmetric Wars. Greenwood Publishing Group. s. 216. ISBN 978-0-275-99399-3. Henta 21. mai 2016.