Khatangabukta

Koordinatar: 73°45′N 109°0′E

Khatangabukta (russisk Хатангский залив - Khatangskij zaliv) er eit stort estuar i Laptevhavet i Russland. Det er relativt smalt, om lag 54 km, men har ei lengd på 220 km.

Kart som viser plasseringa til Khatangabukta.

Øya Bolsjoj Begitsjev deler bukta i to sund, Nordsundet (13 km breitt) og Austsundet (8 km breitt). På det djupaste er bukta 29 m. Elva Khatanga munnar ut i Khatangabukta. Breidda av bukta er høg og bratt og området rundt består av låge tundraklipper, i tillegg til klipper av sandstein og leirstein og seidment. Estuaret er påverka av tidvatn og det har ein skilnad mellom flo og fjøre på 1,4 m. Khatangabukta er islagd det meste av året.

Den nordlege og vestlege delen av Khatangabukta høyrer til Krasnojarsk kraj, medan søraustsida høyrer til Sakha.

Den tidlegare busetnaden og gulagen Nordvik låg i ei bukt i Austsundet kalla Nordvikbukta.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
  • William Barr, The First Soviet Convoy to the Mouth of the Lena.
  • Olga N. Medkova, Coastal morphology og erosion of the Khatanga Bay. AARI.

BakgrunnsstoffEndra