Kim Larsen

dansk musikar

Kim Melius Flyvholm Larsen (fødd 23. oktober 1945 i København, daud 30. september 2018)[1] var ein dansk songar, songskrivar, gitarist, forfattar og skodespelar med lærarbakgrunn.

Kim Larsen

Fødd23. oktober 1945
FødestadKøbenhavn
Død30. september 2018 (72 år)
DødsstadOdense
FødenamnKim Melius Flyvholm Larsen
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1969–2018
Sjangerrock, pop, folkemusikk, vise
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar, skribent, skodespelar, stemmeskodespelar, låtskrivar
Gift medLiselotte Kløvborg Larsen
BornHjalmer Larsen, Sylvester, Lui Larsen

Bakgrunn endre

Larsen var son Eva Flyvholm Olsen og læraren Alfred Larsen. Familien stamma frå Fyn, og Kim vart døypt i Valgmenighedskirken i Kerteminde, der morfaren hans var degn. Kim hadde òg ein eldre bror, Tore.[2] Ekteskapet til foreldra varte til Kim var omtrent fem år gammal.[3] Då forlét foreldra kvarandre. Mora tok med seg ungane og flytta inn i ei lita leilegheit i Mågevej i København. Seinare byrja Kim på Frederikssundsvejens Skole.

Som tolvåring byrja han å spela piano, og på fjortenårsdagen fekk han sin første gitar. Forbileta hans på den tida var artistar som Elvis Presley, Little Richard, Jerry Lee Lewis og Cliff Richard, i tillegg til The Beatles.[4]

Kim Larsen studerte ved Frederiksberg seminarium og arbeidde i åra 1968 og 69 som lærar ved Gerbrandskolen på Amager ved København.[5] Etter kvart bestemte han seg for å verta musikar på heiltid, og danna saman med Franz Beckerlee, Wili Jönsson og Bjørn Uglebjerg rockegruppa Gasolin'. Uglebjerg forlét gruppa og vart erstatta av Søren Berlev i 1971, før Gasolin' gav ut det første albumet sitt.

Kjelder endre

  1. «Den danske sangeren Kim Larsen (72)». Dagbladet.no (på norsk). 30. september 2018. Henta 30. september 2018. 
  2. Lund, Jakob D.; Rewers, Peter (2011). "Med Hjertet som kompas". Solisten: Historien om Kim Larsen. Gyldendal. ISBN 9788702112276
  3. "Stadig tid til en gammel hankat". Ritzaus Bureau. København: Ritzaus Bureau. 20. oktober 2015
  4. «Kim Larsen & Kjukken». web.archive.org. 25. september 2009. Arkivert frå originalen 25. september 2009. Henta 21. april 2022. 
  5. Bundgaard 2011, s. 40

Bakgrunnsstoff endre