Opna hovudmenyen

Kinsabba (arabisk كنسبا, òg skrive Kansaba) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, nordaust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Slinfah i sør, al-Haffah i sørvest, Balloran og Umm al-Tuyour i vest, Qastal Ma'af i nordvest, al-Najiyah i nordaust, Qarqur i aust og Sirmaniyah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Kinsabba eit folketal på 514 i 2004. Han er det administrative senteret, men den 16. største staden, i Kinsabba nahiyah («underdistrikt») som består av 35 stader med eit samla folketal på 17 615.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]

Kinsabba
كنسبا, Kansaba
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Kinsabba
Koordinatar 35°44′38″N 36°9′50″E
Folketal 514 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

KjelderEndra

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, 2006, s. 44.