Kirsten Sand

Kirsten Sand (27. november 189512. mai 1996) var ein norsk arkitekt og musikkpedagog frå Oslo. Ho var den fyrste kvinna som fullførte arkitektstudiet ved NTH, da ho blei uteksaminert derfrå i 1919.[1] Sand var leiar av gjenreisingskontoretSkjervøy etter krigen, men flytta i 1950 til Tromsø.

Kirsten Sand
Kirsten Sand foto.jpg
Fødd 27. november 1895
Christiania
Død

12. mai 1996 (100 år)
Tromsø

Yrke arkitekt
Kirsten Sand på Commons
Mellomvegen 130 frå 1952, eksempel på «eksperimenthus» for kjellarlause hus og med halvopen planløysing teikna av Kirsten Sand, som sjølv budde i huset.
Foto: Harald Groven

I Tromsø budde Kirsten Sand på Mellomvegen i eit hus ho teikna sjølv i 1952. Dette huset vart freda i 2018.[2][3]

UtmerkingarEndra

I 1965 fekk Sand Kongens fortenestmedalje i gull.[4] Ho fekk Teskjekjerringprisen for arbeidet sitt med musikk for barn i 1983.

KjelderEndra

  1. Norsk kunstnerleksikon, bind 3 : N-So, Oslo: Universitetsforlaget, 1986, s. 437-438, digital utgåve
  2. «Arkitekt Kirsten Sands hus fredet - Riksantikvaren», www.riksantikvaren.no, henta 2. juli 2019 
  3. Kirsten Sand huset - Mellomveien 130 Om Kirsten Sand-huset frå Kulturminnesøk
  4. Tildeling av ordener og medaljer frå Kongehuset
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.