Kiryat Yam
Kiryat Yam (hebraisk skrift קִרְיַת יָם, tyder Sjøbyen) er ein by ved Haifabukta i Israel, 12 km nord for Haifa. Han er ein av forstadane til Haifa som er ein del av forstadane Krayot, og ligg ved middelhavskysten, mellom Kiryat Haim og Tzur Shalom industriområde aust for Kiryat Motzkin.
Kiryat Yam | |||
קִרְיַת יָם | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Sjøbyen | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°50′0″N 35°04′0″E / 32.83333°N 35.06667°E | ||
Areal | 4,3 km² | ||
Folketal | 36 800 (2007)[1] | ||
Bystatus | 1945 | ||
Kiryat Yam 32°49′59″N 35°03′59″E / 32.833055555556°N 35.066388888889°E | |||
Kart som viser Kiryat Yam.
| |||
Wikimedia Commons: Kiryat Yam |
Kiryat Yam har 45 000 innbyggjarar.[2] Det nordlege område av byen er heimstad til mange immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, Nord-Afrika og Etiopia.
Historie
endreEit stort landområde ved Haifabukta vart kjøpt frå familien Sursock frå Beirut av American Zion Commonwealth i 1925.[3] I 1928 kjøpte Bayside Land Corporation, eit fellesprosjekt mellom Palestine Economic Corporation og Jewish National Fund, 2 400 mål med landområde for å byggje ein avtale knytt til bygginga av IPC-oljerøyrleidninga.[4] Utviklinga ag bustadområde byrja i 1939,[5] og det første huset stod ferdig i 1940.[4]
Under Libanonkrigen i 2006 vart Kiryat Yam råka av Hizbollah-rakettar, noko som førte til skadar på folk og eigedom.[6]
Venskapsbyar
endreKiryat Yam er venskapsby med:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kiryat Yam» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 30. mars 2015.
- ↑ Eyadat, Fadi (21. februar 2008). «Tough blue-collar town wants to become a prime tourist destination Israel News - Haaretz Israeli News source». Haaretz.com. Henta 30. mars 2015.[daud lenkje]
- ↑ Joseph B. Glass, From New Zion to Old Zion: American Jewish Immigration and Settlement in Palestine, 1917-1939(America-Holy Land Monographs, 2002), p192.
- ↑ 4,0 4,1 Glass, p236
- ↑ Palestine Post, 12. mai 1939