Kiss Them for Me av Siouxsie and the Banshees

Kiss Them for Me
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Superstition
B-side

«Staring Back», «Return»

Utgjeve 13. mai 1991
Innspelt 1991
Sjanger Dance-pop
Lengd 4:37
Selskap
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke, Martin McCarrick og Steven Severin
Produsent Stephen Hague
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
The Last Beat of My Heart
(1988)
Kiss Them for Me Shadowtime
(1991)
Siouxsie Sioux-kronologi
«Fury Eyes»
The Creatures
(1990)
Kiss Them for Me «Shadowtime»
Siouxsie and the banshees
(1991)


«Kiss Them for Me» er ein song skriven og spelt inn av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart produsert av Stephen Hague og kom ut i 1991 som den første singelen frå det tiande studioalbumet deira, Superstition.

Singelen fekk god omtale då han kom ut og vart den mest suksessrike singelen deira i USA med ein meir streit popstil enn tidlegare singlar av bandet. Den kryptiske teksten var ein ode til skodespelaren og sexsymbolet Jayne Mansfield.[1]

Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista.[2] Det vart òg den andre singelen deira som nådde toppen av Modern Rock Tracks-lista i USA og det vart den første Banshess-songen som nådde topp 10 på den amerikanske US Hot Dance/Disco-lista, med ein åttandeplass der. Songen vart òg mykje vist på MTV. I Storbritannia nådde «Kiss Them for Me» 32. plassen på UK Singles Chart og vart den 16. topp 40-singelen deira der.[3]

«Snapper Mix»-utgåva har ei sampling av Jayne Mansfield frå filmen Will Success Spoil Rock Hunter?, medan «Kathak Mix», miksa av produsenten Youth, har talte samplingar frå Robert Anton Wilson i starten.

I Storbritannia vart det gjeve ut to forskjellige 12"-plater. Den første inneheld «Snapper Mix» og B-sidene «Staring Back» og «Return», som ikkje var med på albumet. Den andre inneheld tre forskjellige versjonar av «Kiss Them for Me» av Youth: «Kathak Mix» på A-sida og «Loveappella Mix» og «Ambient Mix» på B-sida.

Andre versjonar endre

Songen vart spelt av Diane BirchSchool of Seven Bells i 2010[4][5] og Anna Nalick i 2011.[6]

Innhald endre

Amerikansk maxi-singel (GEFDS-21650) på Geffen Records

  1. «Kiss Them for Me» (7" Version) – 4:29
  2. «Staring Back» – 3:16
  3. «Return» – 5:02
  4. «Kiss Them for Me» (Kathak Mix) – 8:56

Spor 2 og 3 vart produserte av Siouxsie and the Banshees med Charles Gray som lydteknikar.

Salslister endre

Liste (1991) Plassering
Australian Singles Chart[7] 40
Irish Singles Chart 29
UK Singles Chart 32
US Billboard Hot 100 23
US Alternative 1
US Hot Dance/Disco 8
US Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales 19

Kjelder endre

  1. The Stud Brothers. «Kiss Of The Spider Woman». Melody Maker. 11. mai 1991
  2. «Hot 100 - week 1991-10-19». Billboard. Henta 28. august 2020. 
  3. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 28. august 2020. 
  4. Shragge, Ben (8. desember 2010). «Review: Diane Birch with The Phenomenal Handclap Band, 'The Velveteen Age'». Cover Me. Henta 13. mars 2017. 
  5. «School of Seven Bells // kiss them for me». YouTube. 18. september 2010. Henta 28. august 2020. 
  6. Anna Nalick web site Broken Doll & Odds & Ends
  7. «Kiss Them For Me - Australian Chart». australian-charts.com. Henta 2. januar 2017.