Kitty White

amerikansk songar

Kitty White (7. juli 192311. august 2009) var ein amerikansk jazzvokalist som i fleire år var nattklubbsongar i Los Angeles.

Kitty White
Fødd7. juli 1923(1923-07-07)
FødestadLos Angeles i USA
Død11. august 2009 (86 år)
DødsstadPalm Springs i California i USA
FødenamnKitty Jean Bilbrew
OpphavUSA
SjangerJazz, gospel, pop, spiritual
Instrumentvokal
Plateselskap
Verka somSynging

White kjend for dei sofistikerte songane sine. Ho spelte inn det meste av musikken sin på Vestkysten med jazzmusikarar som Buddy Collette, Gerald Wiggins, Chico Hamilton, Bud Shank og Red Callender. Ho song mange demoinnspelingar for venen og blueskomponisten Jessie Mae Robinson, som «I Went to Your Wedding», som vart ein stor hit for Patti Page i 1953.[1]

Kitty White arbeidde i fleire filmar. Ho song «The Lullaby Song» som vart spelt under ein scene der eit barn flyt ned Ohioelva i ein robåt i den klassiske Charles Laughton-filmen The Night of the Hunter i 1955, etter at komponisten Walter Schumann, som skreiv songen, oppdaga ho på ein liten klubb. Ho song «Crawfish» med Elvis Presley i filmen King Creole i 1958. Duetten kom ut på filmmusikkalbumet.

Diskografi endre

  • 1955 A New Voice in Jazz (EmArcy 36020)
  • 1956 Kitty White (EmArcy 36068)
  • 1956 A Moment of Love (Pacifica 2002)
  • 1958 Crawfish duett med Elvis Presley (Remake, Dot CR1908)
  • 1959 Sweet Talk (Roulette)
  • 1960 Wimoweh (Dot 16157)
  • 1962 Kitty White (Clover CL 1229)
  • 1965 Kitty White and Laurindo Almedia with the Buddy Collette Orchestra (Horizon WP 1606)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre