Kiwano
Kiwano (Cucumis metuliferus) er ei frukt som stammar frå dei afrikanske tropane. Ho veks på ein eittårig slyngplante i agurkslekta.
Kiwano | |
Kiwano | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Cucurbitales |
Familie: | Graskarfamilien Cucurbitaceae |
Stamme: | Benincaseae |
Slekt: | Cucumis |
Art: | Kiwano C. metuliferus |
Vitskapleg namn | |
Cucumis metuliferus |
Kiwanofrukta er avlang med ei lengd på rundt 13 cm. Ho har grønt- eller gulfarga skal med hornaktige taggar. Fruktkjøtet er saftig og grønt med fleire flate frø, og har konsistens liknande det til ein agurk. Smaken er forfriskande og er blitt samanlikna med banan og lime, agurk og squash eller banan, agurk og sitron.[1] Ein kan eta frukta rå, som ho er, eller i ein salat eller cocktail. Som regel tek ein ut fruktkjøtet, men også skalet kan etast.
Kiwano er rikt på A-, B- og C-vitamin og på mineral som kalsium, kalium, magnesium og fosfor. Under tørketida i Kalahari er kiwano og frukta til Acanthosicyos naudinianus dei einaste vasskjeldene.[2]
Frukta er ein tradisjonell afrikansk matplante som også er blitt dyrka i USA, Chile, Australia, New Zealand og Israel. I Zimbabwe blir kiwano kalla gaka eller gakachika. Andre engelske namn er horned melon fruit eller African horned cucumber.
-
Mognande kiwanofrukt i Pietersburg i Sør-Afrika.
-
Kiwano kan etast med skal.
-
Kiwano
Kjelder
endre- ↑ Kiwano: «It's what's inside that counts», The Seattle Times; «Let's discover some more little-known fruits», Deseret News.
- ↑ Parc de Khal-agadi, pas si désert, in Science & Vie n° 1130, November 2011, pp. 18-21. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- «Kiwano (Horned Cucumber) - Seed» Arkivert 2014-09-06 ved Wayback Machine., spaldingbulb.co.uk
- Lischke, Bernd (1990). Eksotisk frukt: kiwi, mango, papaya og mange andre fristende sydfrukter. Fredhøi. s. 51. ISBN 8204024045.
http://www.spaldingbulb.co.uk/product/kiwano-horned-cucumber-/?channel_code=986&product_code=66399491&cb=1409824817964 Arkivert 2014-09-06 ved Wayback Machine.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cucumis metuliferus» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2014.