Kjærlighetens under

«Kjærlighetens under»
Singel av Jahn Teigen og Jan Høiland
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1975
Låtskrivar(ar) Arild Finsnes

«Kjærlighetens under» er ein song av Jahn Teigen og Jan Høiland frå 1975. Songen er skriven av Arild Finsnes.[1]

«Kjærlighetens under» deltok i Melodi Grand Prix 1975, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm i Sverige. Songen vart framført på norsk av Jahn Teigen med eit lite orkester, og så på nytt av Jan Høiland med eit stort orkester. Bidraget enda på andreplass med 32 poeng.[2][3]

Fotnotar endre

  1. «MGP 1975» (på norsk). OGAE Norge. Henta 27. juli 2014. 
  2. «Norway 1975» (på engelsk). esc-history.com. Henta 27. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1975» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 27. juli 2014.