Kjell Allan Sjöberg, fødd Dahlqvist, (11. mai 193710. september 2013) var ein svensk skihoppar frå Själevad i Västernorrlands län, som representerte IF Friska Viljor. Han tok bronsemedalje i Holmenkollbakken i ski-VM i Oslo i 1966, og sette i 1967 verdsrekord i skiflyging.

Kjell Sjöberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 11. mai 1937
Örnsköldsvik
Død

26. august 2013 (76 år)
Örnsköldsvik

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964

Aktiv endre

Sjöberg var aktiv skihoppar frå 1950-åra til 1973. Frå 1960 til 1968 deltok han i alle dei store ski-meisterskapane. Beste prestasjonane oppnådde han i 1964 då han under vinterolympiaden i storbakken i Innsbruck kom på femteplass, men aller best var han to år seinare, han fekk då bronsemedalje i storbakkerennet under verdsmeisterskapen i Oslo og Holmenkollen.

Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1960/61, 1961/62, 1965/66 og 1967/68, med andreplass i Oberstdorf 30. desember 1960 som beste enkeltresultat. Samanlagt vart han som best i 1960/61, då han vart nummer seks.

15. februar 1964 tangerte han Jože Šlibar og Peter Lesser sin verdsrekord i skiflyging på 141 meter i Oberstdorf, ein rekord som Dalibor Moteljek frå Tsjekkoslovakia same dag forbetra med ein meter. 10. februar 1967 sette Sjöberg verdsrekord i Oberstdorf med eit svev på 148 meter. Rekorden vart slått dagen etter, då Lars Grini landa på 150 meter.

Sjöberg vart svensk meister to gongar, i 1962 og 1966.

Kjelder endre