Kjepso er ein matrikkelgard (gardsnummer 79) i Kvam herad. Hovudbruket er ein veglaus fjellgard med tunet og bøane på ca. 250 meters høgd og tilkomst på ein sti i bratt lende. Kjepso ligg inst i Kvam, ved grensa til Granvin herad.

Kjepso
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Postnummer 5614 ÅLVIK
Gardnummer 79

Det har vore to husmannsplassar under Kjepso. Det inste bruket heiter Floten (Kjepso Floten) og ligg nedom Fylkesveg 7. Der vert det drive med utleige og halde ymse kurs og seminar.

Garden høyrde fram til 1881 til Kinsarvik sokn og Ullensvang herad. Då vart søknad om overføring til Øystese sokn og Vikøy kommune (Kvam) innvilga.[1][2] I Kinsarvik hadde Kjepso gardsnummer 116.[1] Kjepso ligg omtrent midt mellom kyrkjene i Kinsarvik og Øystese.[1]

Kjepso er fyrste gong nemnd i kjeldene i 1318.[1][2][3] Namnet skal ha samanheng med norrønt 'kefis', som tyder træl, og ein meiner garden heiter so fordi han vart rydda av ein træl.[2]

På oppsida av fylkesvegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat.[4] Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.[5]

I 2008 sende NRK eit program om garden i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Gardsnamnet vert også brukt som familienamn. Ein kjend namneberar var spelemannen Per Kjepso (1873-1924).

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Olav Kolltveit (1974). «116. Kjepso». Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 5 2 : Bygdesoga. Odda: Bygdeboknemnda for Odda, Ullensvang og Kinsarvik. s. 9. 
  2. 2,0 2,1 2,2 O. Olafsen (1921). «Gno. 79. Kjepso». Kvam i fortid og nutid. Kvam: Kvam kommune. s. 964. 
  3. «Diplomatarium Norvegicum (volumes I-XXI), bind XII, brev 56». «(...) iordh þa er Kexiskor heitir (..)» 
  4. ««Forskrift om vern for Uranes naturreservat i Granvin og Kvam kommuner, Hordaland fylke.»». lovdata.no. 
  5. ««Uranes»». Miljødirektoratet. 

Bakgrunnsstoff endre

  Voss  
Indre Ålvik N Lussand
V Kjepso A
S
Hardangerfjorden