Fylkesveg 7
- Sjå òg fylkesveg 7 (fleirtyding).
Fylkesveg 7 | |||
---|---|---|---|
7 | |||
Strekning | |||
Bergen – Brimnes i Eidfjord kommune | |||
Informasjon | |||
Status | fylkesveg nasjonal turistveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() ![]() ![]() |
Fylkesveg 7 (Fv7) går mellom Trengereid i Bergen kommune og Brimnes i Eidfjord kommune.
Vegen går frå Brimnes ferjekai med ferje til Bruravik, i tunnel til Granvin herad og vidare vestover på nordsida av Hardangerfjorden forbi Ålvik og Øystese til Norheimsund. Derfrå vidare vestover over Kvamskogen til Samnanger kommune og over til Trengereiddalen, der han møter E16 igjen.
Før 1. januar 2010 var han ein del av riksveg 7.
Nasjonal turistvegEndra
Strekninga mellom Steinsdalsfossen i Kvam herad og kommunegrensa til Granvin herad er del av nasjonal turistveg Hardanger saman med ei delstrekning Jondal – Utne på fylkesveg 550 og strekninga Låtefossen – Kinsarvik langs riksveg 13.[1]
HistorieEndra
Tokagjelet i KvamEndra
Vegen gjennom Tokagjelet vart stukke ut kring 1890, bygginga starta i 1903 og vegen opna i 1907. Store parti er bygd med handkraft medan arbeidarane hang i tau i han glatte fjellsida. Dette vart gjort fordi vegen manglar naturleg fundament.
Ny veg med fire tunnelar vart teken i bruk på 1960-talet. Dette er tunnelane Snauhaugen på 349 meter, Hansagjel på 697 meter, Tokagjel på 408 meter og Fossagjel på 365 meter. Det som er igjen av han gamle vegen utanfor tunnelane er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne[2] og heldt ved like som gang og sykkelveg.
Kommunar og knutepunktEndra
Hordaland Endra
- Trengereid
- Trengereidtunnel (61 m)
- Grasdalstunnelen (63 m)
- Hisdalstunnelen (173 m)
- Fv137 frå Hisdal til 552 Hauge i Os
- Raunekleivtunnelen (250 m)
- Fv136 frå Bjørkheim til 48 Tysse
- Haukanestunnelen (635 m)
- Fv136 Steinsland
- Hagaåstunnelen (1641 m)
- 48 Frølandsvatnet
- Fv134 frå Frøland til Kvitingen (14,2 km)
- Liarostunnelen (563 m)
- Fv133 frå Myrkhøl til Høyseter (3,5 km)
- Fossenbrattetunnelen (665 m)
- Teigabergtunnelen (423 m)
- Kvamskogen det høgaste punktet på strekninga, 454 moh.
- Fossgjeltunnelen (365 m)
- Tokagjeltunnelen (409 m)
- Hansagjeltunnelen (696 m)
- Snauhaugtunnelen (351 m)
- Tokagjelet
- Fv128 frå Steinsdal til Byrkjeland bru (2,7 km)
- Steinsdalsfossen
- 49 Norheimsund
- Fv130 Norheimsund
- Fv130 frå Øystese til Norheimsund
- Fv131 frå Nygardstrondi til Fv130 Øystese
- Fyksesundbrua (344 m)
- Fv132 frå Steinstø til Fykse (0,9 km)
- Ålvik
- Lussandtunnelen (95 m)
- Arm frå Kvanndal til Kvanndal ferjekai (0,3 km) (artikkel)
- Kollanes, felles trasé til Brimnes
- til Brimnes (10 min, 1-3 turar/time)
- Hardangerbrua (1380 m lengd, 1310 m spenn) ny bru + tunnelar, opnar 2013
KjeldeEndra
- Denne artikkelen bygger på «Fylkesveg 7» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: == Fotnotar ==
- ↑ «Nasjonale turistveger Hardanger». Statens vegvesen. Henta 16. september 2012.
- ↑ Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Måbødalen og Tokagjelet)