Kjeragfossen er den åttande høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Fossen stupar ned frå Kjerag i Lysefjorden i Sandnes kommune i Rogaland og er den høgaste fossen i fylket. Fossen har òg det tredje høgaste fallet i Noreg og Europa.

Kjeragfossen
foss
Fossen med lita vassføring. Fossen er litt til venstre for midten av biletet.
Foto: Håvard Thoen, juli 2008
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Fossetype Stupfoss
Totalt fall 715 m
 - Lengste fall 715 m
 - Midla breidd m
Tal på fall 1
Status Ikkje regulert
Verdsrangering 24. høgaste i verda.
Kart
Kjeragfossen
59°02′00″N 6°35′00″E / 59.0333°N 6.58333°E / 59.0333; 6.58333

Fossen drenerer berre småvatn og tjern på toppen av Kjerag og om sommaren tørkar han ofte opp. Fossen har elles lite volum og kan blese bort i vinden før han når ned til fjorden nedanfor. Sjølv om høgda er stor gjer det vesle volumet i fossen sitt til at fossen ikkje vert rekna som særleg imponerande.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre