Kjersti Horn

norsk teaterregissør

Kjersti Horn (fødd 30. juni 1977) er ein norsk teaterregissør frå Oslo.[1]

Kjersti Horn
Fødd30. juni 1977 (46 år)
Verka somsceneinstruktør, teatersjef
MorEllen Horn
PrisarMarteprisen, Heddaprisen for beste regi

Bakgrunn endre

Kjersti Horn er dotter til skodespelaren, teatersjefen og Ap-politikaren Ellen Horn og scenografen Per Kristian Horn. Ho tok utdanning ved teaterregilinja ved Dramatiska institutet i Stockholm (2003–2006).[2] Ho er syster av songaren og skodespelaren Emilie Stoesen Christensen.

Karriere endre

Som student sette ho mellom anna opp stykket Natta syng sine songar av Jon Fosse på Stockholms Stadsteater. Horn har hatt regien på Shopping And Fucking (1998), Disco Pigs (1999), Knivskarpe polaroider (2001), Medeas Barn (2004) og ho var med som dansar i Jo Strømgren-framsyninga Lux Aeterna (2002). Sommaren 2006 hadde ho regien på Knut Nærum si oppsetjing av Peer Gynt skriven spesielt for barn, som vart spelt av andreårsstudentane på Teaterhøgskolen.

I januar 2008 hadde Kjersti Horn regien på Mitt namn er Rachel CorrieDet Norske Teatret i Oslo. Stykket var basert på dagbøkene til fredsaktivisten Rachel Corrie, som stilte seg i vegen for ein bulldozer og vart drepen i forsøket sitt på å redda ein palestinsk heim.[3]

Hausten 2008 hadde Horn regien for oppsetjinga av Folkeutrydning – eller Leveren min er meningsløs, av Werner Scwab, på Den Nationale Scene i Bergen.

Hausten 2009 regisserte ho Valerie Solanas 7 av Sara StridsbergTorshovteatret i Oslo. Stykket er basert på Stridsberg sin prislønte roman Drömfakulteten og handlar om feministen Valerie Solanas, som er kjent for mordforsøket på Andy Warhol i 1968. I januar 2010 hadde Kjersti Horn regien på Oslo Nye Teater si oppsetjing av musikalen Spring Awakening, bygd på Frühlings Erwachen av Frank Wedekind.

I januar 2011 sette Horn opp stykket Knutby av Malin LagerlöfHålogaland teater i Tromsø, med Anneli Drecker i ei av hovudrollene. Knutby er eit dokumentarisk teaterstykke som går bak historia om Knutby-saka og freistar å forstå menneska som dramaet handlar om. Stykket er basert på den verkelege historia om Knutby.[4]

I 2013 regisserte ho Styrtet engel ved Nationaltheatret, som ho vart nominert til Kritikerprisen for.[2] Ho vann Heddaprisen 2015 for årets forestilling for si oppsetjing av Hamlet ved Rogaland Teater i 2014.[2] Horn var husregissør ved Nationaltheatret 2015–2019, og husregissør ved Det Norske Teatret 2020–2025.[2]

I 2023 vart ho vald til ny teatersjef ved Det Norske Teatret frå 2025, etter Erik Ulfsby.[5]

Kjelder endre

  1. Egeland, Ingri Valen (4. september 2023), «Hun blir den nye sjefen for en av byens kulturinstitusjoner: – En stor ære», vartoslo.no (på norsk bokmål), henta 5. september 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Bikset, Lillian (4. september 2023). «Kjersti Horn». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Mitt navn er Rachel Corrie». Arkivert frå originalen 27. mai 2012. Henta 9. september 2012. 
  4. «– Knutby-pastoren nektet å møte meg». NRK Troms og Finnmark. 11. januar 2011. 
  5. Nedrebø, Ingrid (4. september 2023). «Kjersti Horn blir ny sjef på Det Norske Teatret». NRK. Henta 4. september 2023.