Kjetil Hodnekvam (fødd 25. juni 1977) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Askøy som vart norsk meister på 1500 meter i 2000 og på spesialdistansen 800 meter i 2001. Han var medlem i AKS-77.

Kjetil Hodnekvam
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juni 1977 (46 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Hodnekvam sette personleg rekord på 800 meter med 1.48,38 då han vart tredjemann i Friidretts-NM 1997, klart slått av olympiameister Vebjørn Rodal og Tor Øivind Ødegård. Året etter forbetra Hodnekvam seg til 1.47,65 på Bislett stadion i Oslo den 4. august, der han viste Atle Douglas til andreplass.

28. juli 2000 sprang Hodnekvam sitt livs beste 800 meter. Med tida 1.47,01 vart han fjerdemann i eit sterkt felt på Bislett stadion. Under noregsmeisterskapen 2000 på Steinkjer måtte han nøye seg med sølv på 800 m bak Rodal, men på 1500-meteren spurta han i mål til NM-gull og personbeste 3.46,2. Også i NM 2001 vann Hodnekvam gull og sølv, men då på omvendte distansar. På 1500 meter presterte han elles livsbeste 3.43,7, klart slått av Marius Bakken som drog feltet heile løpet. Hodnekvam slutta satse på friidrett då han var 26 år gammal.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1997 i Overhalla: Bronsemedalje på 800 m – 1.48,38
  • 1998 i Askøy: Sølv på 800 m – 1.49,82, bronse på 1500 m – 3.49,1
  • 1999Byrkjelo: Bronsemedalje på 800 m – 1.50,54
  • 2000 på Steinkjer: Gull på 1500 m – 3.46,2, sølv på 800 m – 1.47,98
  • 2001 i Drammen: Gull på 800 m – 1.51,41, sølv på 1500 m – 3.43,7
  • 2002 i Sandnes: Sølv på 1500 m – 3.49,9
  • 2003 i Fredrikstad: Sølv på 800 m – 1.51,47

Personlege rekordar og årsbeste endre

År 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
800 1.50,35 1.48,38 1.47,65 1.49,44 1.47,01 1.48,34 å 1.49,61 å 1.51,42
1500 3.47,2 3.49,3 3.46,2 3.43,7 3.49,8

Kjelder endre