Kløve haldeplass
Kløve haldeplass ligg på Klyve i Voss i Vestland og er ein haldeplass på Bergensbanen. Han vart opna i 1931. Frå 1908 var det lasteplass på Kløve.
Kløve haldeplass | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Klyve, Voss (Vestland) |
Koordinatar | 60°39′48″N 6°32′6″E / 60.66333°N 6.53500°E |
Distanse | 375,90 km frå Oslo |
Opna | 1931 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy Tog |
Overgang | |
Kløve haldeplass ligg mellom Urdland stasjon og Ygre stasjon, 375,90 km frå Oslo. Haldeplassen består av ei plattform og eit leskur.
Det er lokaltoga i Raundalen som stoppar på Kløve.