Urdland stasjon

stasjon på Bergensbanen

Urdland stasjon ligg i Raundalen i Voss herad i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1908. Namnet på stasjonen var frå 1908 til 1921 Grove, og frå 1921 til 1928 Gruvu. Sidan har det vore Urdland.[1] Det er lokaltoga i Raundalen som stoppar på stasjonen.

Urdland stasjon

Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
Stad Urdland, Voss (Vestland)
Koordinatar 60°40′47″N 6°35′34″E / 60.67972°N 6.59278°E / 60.67972; 6.59278
Distanse 371,52 km frå Oslo
Høgd 304,0 moh.
Opna 1908
Arkitekt Paul Armin Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Urdland stasjon

Urdland ligg mellom Øyeflaten haldeplass og Kløve haldeplass. Stasjonen ligg 304,0 moh, 371,52 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen og tilhøyrande uthus vart bygde i 1904 og er teikna av Paul Armin Due. Både stasjonsbygningen og uthuset er verna etter Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen.[2]

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre