Ygre stasjon

stasjon på Bergensbanen

Ygre stasjon ligg på Ygre i Voss herad i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1908. Det er lokaltoga i Raundalen som stoppar på stasjonen.

Ygre stasjon

Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
Stad Ygre, Voss (Vestland)
Koordinatar 60°38′43″N 6°30′25″E / 60.64528°N 6.50694°E / 60.64528; 6.50694
Distanse 379,03 km frå Oslo
Høgd 168 moh.
Opna 1908
Arkitekt Balthazar Lange
Plattformer 1
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Ygre stasjon

Ygre ligg mellom Kløve haldeplass og Gjerdåker haldeplass, 168,0 moh, 379,03 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen vart flytt til Ygre frå Nesttun ved Bergen i 1904. Han er teikna av Baltazar Lange og vart ført opp på Nesttun i 1880 til Vossebanen.[1]

Stasjonsområdet med stasjonsbygningen og uthuset, som er teikna av Paul Armin Due, er freda.[2][3]

Fotnotar endre

  1. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 173. ISBN 8205252947. 
  2. ««Fredning av Ygre stasjon på Bergensbanen, Voss kommune i Hordaland»».  Vitja 2. desember 2009
  3. ««Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen – Liste over vernede og verneverdige objekter og miljøer pr. 1. jan. 2006 – 4. utgave - ajourført pr 1. mars 2009»» (PDF).  Vitja 1. desember 2009

Bakgrunnsstoff endre