Opna hovudmenyen

Raundalen er eit dalføre aust for Vossevangen i Hordaland fylke. Dalføret strekkjer seg frå Urdland i vest til Upsete i aust. Bergensbanen går langs heile nordsida av Raundalen, forbi grendene Urdland, Skiple, Reimegrend og Mjølfjell. Raundalselvi er ei populær elv for rafting. Øykjafonn er det høgaste fjellet i dalføret med 1604 meter over havet.

Raundalen
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Voss
Postnummer 5700 VOSS

Namnet kjem truleg frå norrønt språk. Ordet «hraun» som tyder «nakent fjell», noko som høver bra for ein del av fjella i dalstroket.

Namnet Raundalen vert òg nytta som eit etternamn. Av personar med Raundalen som etternamn kan nemnast psykologen Magne Raundalen.