Klaas-Jan Huntelaar
Klaas-Jan Huntelaar (fødd 12. august 1983 i Voor-Drempt i Gelderland) er ein nederlandsk fotballspelar som i 2014 spelar som spiss for Schalke 04 i tysk Bundesliga, og for Nederland sitt landslag.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Klaas-Jan Huntelaar | ||
Fødd | 12. august 1983 | ||
Fødestad | Voor-Drempt | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Schalke 04 | ||
Nummer | 25 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1988-94 1994-2000 2000-02 |
VV H. en K. De Graafschap PSV | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-04 2003 2003-04 2004-05 2005-09 2009 2009-10 2010- |
PSV Graafschap (lån) AGOVV (lån) Heerenveen Ajax Real Madrid Milan Schalke 04 |
1 (0) 9 (0) 35 (26) 46 (33) 92 (76) 20 (8) 25 (7) 0 (0) | |
Landslag | |||
2004-06 2006- |
Nederland U21 Nederland |
20 (18) 48 (30) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 9. mai 2010 |
Huntelaar var toppskårar i nest høgste divisjon i Nederland i 2004, då han spelte for AGOVV Apeldoorn, og vart kåra til årets spelar i divisjonen same året. I 2006, då han spelte for Ajax, vart han kåra til årets talent i toppdivisjonen, Eredivisie, og i 2006 og 2008 vart han toppskårar i Eredivisie for Ajax. Han var Schalke sin toppskårar i Bundesliga i 2011/12-, 2012/13- og 2013/14-sesongen, og i 2011/12-sesongen var han toppskårar i Bundesliga totalt, med 29 mål.
Huntelaar var med på å vinna U21-EM med Nederland i 2006, og vart toppskårar i turneringa. Han er det nederlandske U21-landslaget sin toppskårar nokonsinne, med 18 mål på 20 kampar. Han debuterte for A-landslaget 16. august 2006 i ein privatlandskamp mot Irland, der han skåra to mål. Han var med i troppen til fotball-EM i 2008, der han fekk spela éin kamp og skåra eitt mål, i gruppekampen mot Romania. I fotball-VM i 2010 fekk han ikkje spela nokon kampar frå start, men kom inn som innbytar i fire kampar og skåra eitt mål, i gruppekampen mot Kamerun.