Biologisk klassifisering

Biologisk klassifikasjon er det å dela inn organismer i grupper etter eit system. Moderne biosystematikk tek for seg den evolusjonære slektskapen til organismane og bruker denne til å laga hierarkiske slektstre. Tradisjonell taksonomi brukte visse likskapar til å gruppera organismar.

Skjematisk framstilling av korleis ein art høyrer til i stadig meir omfattande grupper.

I antikken arbeidde særleg Aristoteles med å kartleggja og gruppera alt som var til. Moderne taksonomi blei særleg grunnlagd av Carl von Linné, som brukte fysiske likskapar til å setja organismar i same grupper. Nyare genetikk har gjort det mogleg å gruppera organismar etter felles avstamming, såkalla kladistikk.

Taksonomiske nivå

endre

I biologisk klassifikasjon er organismane tradisjonelt organiserte i sju obligatoriske ulike taksonomiske nivå eller kategoriar. Det er også vanleg å dela desse nivåa inn i mellomnivå, det vil seie at til dømes ein familie ofte har fleire underfamiliar (delgrupper).

Dei sju obligatoriske kategoriane, frå lite omfattande til meir omfattande:

Namn Latin Døme
art species Homo sapiens (menneske)
slekt genus Homo
familie familia Hominoidea (menneskeapar)
orden ordo Primates (primatar)
klasse classis Mammalia (pattedyr)
rekkje phylum Chordata (ryggstrengdyr)
rike regnum Animalia (dyr)

Naturlege og kunstige grupper

endre

Ei gruppe som bygger på evolusonær avstamming blir kalla naturleg, eller monofyletisk. Grupper som er danna gjennom likskapstrekk men ikkje omfattar alle artar med felles avstamming blir kalla kunstige. Desse kan anten omfatta artar med ulikt evolusjonært opphav (polyfyletisk gruppe), eller berre utvalde artar som stammar frå same opphav (parafyletisk gruppe). Mange taksonomiske grupper basert på likskapar har vist seg å vera naturlege, medan andre er blitt omgrupperte etter analysar med mellom anna molekylærgenetikk.

Kjelder

endre