Klaus Siebert
Klaus Siebert (29. april 1955–24. april 2016) var ein tysk skiskyttar og seinare -trenar som tevla for Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister på 20 km i 1979, og vann to VM-gull i stafett med DDR i høvesvis 1978 og 1979. I tida 1975-79 sikra Siebert seg sju VM-medaljar (3-1-3) i skiskyting. Han vann verdscupen i skiskyting for 1979-sesongen.
Klaus Siebert | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 29. april 1955 Schlettau |
Død | 24. april 2016 (60 år) Altenberg |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | biathlon at the 1980 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1980 Winter Olympics – relay, biathlon at the 1980 Winter Olympics – individual |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Aktiv
endreSiebert var knapt 20 år gammal då han tok bronsemedaljen på 10 km under VM 1975 i Antholz. To år seinare tok han den fyrste av fire strake stafettmedaljar med DDR, ein bronsemedalje. I dei to nestkomande verdsmeisterskapane, 1978 og 1979, vart han verdsmeister i 4 x 7,5 km stafett, begge gongane saman med Manfred Beer, Frank Ullrich og Eberhard Rösch. Attåt fekk han i 1978 ein VM-bronse på 10 km, medan han i 1979 vart verdsmeister på 20 km framom Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen og norske Sigleif Johansen. Den individuelle VM-tittelen han vann i 1979 var høgdepunktet i hans skiskyttar-karriere. Same sesongen gjekk han heilt til topps i verdscupen i skiskyting, ei turnering der han både året i førevegen og året etterpå måtte sjå seg slått av ein mann, landsmannen Frank Ullrich.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM i skiskyting 1975 i Antholz: Bronsemedalje på 10 km
- VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Bronsemedalje i stafett, nr 12 på 10 km
- VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Gullmedalje i stafett, bronsemedalje på 10 km
- VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Gullmedalje på 20 km og i stafett
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Sølvmedalje i stafett, nr 4 på 10 km
Trenar
endreEtter at han la opp som skiskyttar, arbeidde Siebert som trenar. Mellom andre trena han Ricco Gross i fleire år. Perioden 2002-05 var han landslagstrenar i skiskyting for Austerrike. Deretter var han hovudtrenar for det kinesiske landslaget 2006-08. Frå 2008 til 2014 var han landslagstrenar for Kviterussland.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- «Klaus Siebert» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. februar 2022.