Opna hovudmenyen

Klaus Tafelmeier (fødd 12. april 1958) er ein tysk, tidlegare friidrettsutøvar frå Singen i Baden-Württemberg, som tevla i spydkast for Vest-Tyskland. Han vart europameister i øvinga i 1986, og vann seks gullmedaljar i tyske meisterskap. Tafelmeier var medlem av Bayer Leverkusen. Personleg rekord er på 86,64 m.

Klaus Tafelmeier
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. april 1958
Singen (Hohentwiel)
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, spydkaster

AktivEndra

Tafelmeier vart lagt merke til då han i 1977 vart europameister i spydkast for juniorar. Likevel skulle det gå seks år før han kom til finalen i eit internasjonal meisterskap, i den aller fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart han nummer åtte.

Den 27. august 1986 vart Tafelmeier europameister med eit kast på 84,76 m, og vann med stor margin til sølvvinnaren Detlef Michel frå DDR. Vel tre veker seinare, 20. september 1986 kasta Tafelmeier 85,74 under eit stemne i Como, og sette med det den fyrste offisielle verdsrekorden[1] med den nye spydtypa som vart teken i bruk i 1986-sesongen.

Tafelmeier sin verdsrekord stod til mai 1987, då Jan Železný kasta 87,66. Mindre enn to månader etterpå presterte Tafelemeier sitt lengste spydkast nokon gong, spydet landa då på 86,64 m under eit stemne i Gelsenkirchen. Seinare i sesongen mislukkast han i å kvalifisere seg til VM-finalen. Derimot kom han på fjerdeplassen i spydkasttevlinga under sommar-OL 1988, vel halvmeteren bak bronsemedaljøren Seppo Räty.

Tafelmeier vart vesttysk meister i spydkast fem gongar; 1982-85 og 1987, samt alltysk meister i sin seste sesong på toppnivå, 1991. Mellom 1977 og 1991 tok han i alt tolv medaljar i spydakst i dei tyske meisterskapa (6-2-4).

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

NotarEndra

KjelderEndra