Kleftarar

(Omdirigert frå Kleftar)

Kleftarar (/klɛfts/; gresk κλέφτης, kléftis, fleirtal κλέφτες, kléftes, som tyder 'tjuvar' og kanskje opphavleg 'røvar'[2]) var landevegsrøvarar som omforma seg sjølve til armatolar, opprørarar mot Det osmanske riket, og krigarske fjellfolk som heldt til på landsbygda då Hellas var del av Det osmanske riket.[2][3] Dei stamma frå grekarar som trekte seg tilbake til fjella på 1400-talet for å koma seg unna det osmanske styret.[4] Dei dreiv ein ustoppeleg krig mot det osmanske herredømet, og heldt seg aktive som bandittar til 1800-talet.[4][5]

Dimitrios Makris, ein gresk kleftarleiar på 1800-talet.[1]

Omgrepa kleptomani og kleptokrati er avleidde frå den same greske rota, κλέπτειν (kléptein), 'å stela'.[6]

Opphav

endre

Etter at Konstantinopel blei erobra av Det osmanske riket i 1453, og deretter Mystrás i Despotatet Morea, kom det meste av slettelandet i dagens Hellas under osmanske styre. Dei einaste områda som ikkje var styrte av osmanarane var fjellkjedene, som var folkesette av grekarar og ikkje tilgjengelege for osmanarane, og ein handfull øyar og kystterritorium som var kontrollerte av Republikken Venezia. Denne situasjonen varte ved til 1821. Territorium som grekarar nyleg hadde fått kontroll over, som Makedonia, Thrakia og Ipiros, var under tyrkisk herredøme til 1900-talet. Denne perioden i gresk historie er kjend som tyrkokratiet.

Osmansk land var administrativt delt inn i pashalik, også kalla eyalet. I høvet områda til noverande Hellas var dette Morea og Roumelia. Pashalikar var vidare delte inn i sanjakar, som igjen ofte var delte inn i føydale chiflikar (tyrkisk çiftlik (farm), gresk τσιφλίκι tsifliki). Overlevande greske styrkar, om dei var frå den regulære bysantinske hæren, lokale militsar eller leigesoldatar, måtte anten gå inn i den osmanske hæren som janitsjarar, bli del av den private hæren til ein lokal osmansk stormann, eller klara seg sjølv på eiga hand. Mange grekarar som ville halda på gresk identitet, ortodoks kristen religion og sjølvstende valde det vanskelege, men frie livet som banditt. Desse bandittgruppen auka raskt gjennom fattige eller eventyrlystne bønder, forviste folk og kriminelle på rømmen.

Kleftarar under det osmanske styret var gjerne menn på flukt frå blodhemn eller skattar, gjeld eller gjengjelding frå osmanske tenestemenn. Dei røva frå reisande og isolerte busetnader, og budde i dei ville fjella og audelandet. Dei fleste klephtarbandane deltok i nokon grad i Den greske sjølvstendekrigen. Under denne krigen danna klepfarane, i lag med armatolar, kjernen av dei greske væpna styrkane, og spelte ei viktig rolle gjennom heile konflikten. Sjølv om ho var lite effektiv, var dette den einaste levedyktige militærstyrken for dei provisoriske regjeringane i perioden 1821-1827. I løpet av denne perioden blei det gjort tre forsøk på å oppretta ein regulær hær, og ein av grunnane til at dette ikkje lukkast var motstanden frå kleftar- og armatolar-leiarane.[7]

I konvensjonell gresk historieskriving var kleftarane og armatolane frigjeringsheltar. I røynda deltok dei i Den greske sjølvstendekrigen etter sine eigne militaristiske patron-klient-idear. Dei såg på krigen som eit økonomisk og politisk høve til å utvida operasjonsområda sine.[8][9] Dei var drivne av økonomiske interesser, var ikkje klare over nasjonale prosjekt, og inngjekk gjerne alliansar med osmanarane og rana kristne like mykje som muslimar.

Songar

endre
 
Antonis Katsantonis (gresk klepht) av Theophilos Hatzimihail.

Kleftarsongar (gresk κλέφτικα τραγούδια), eller balladar, blei utvikla på det greske fastlandet.[10] Dei er del av gresk folkemusikk, ein sjanger som omfattar folkedikting, og tematisk tek for seg anten døden til ein enkelt kleftar eller det typiske livet til kleftarane som ei gruppe.[10] Kleftarsongar er særskild populære i Epiros og Peloponnes. Den tsjekkiske komponisten Antonín Dvořák skreiv ein songsyklus kalla 'Tre moderne greske dikt', der det fyrste heiter 'Koljas – Kleftarsong', og fortel soga om Koljas, kleftaren som drap den kjende Ali Pasha.

Den best kjende kleftiske og moderne greske folkesongen er Slaget ved Olympos og Kisavos, ein ballade som byggjer på eit musikalsk-poetisk motiv som går tilbake til det klassiske Hellas (særleg den poetiske songen skriven av Corinna om ei tevling mellom fjella Elikónas og Kitherónas).[10]

Den kjende greske retten klephtiko (eller kleftiko), av langkokt lam eller eit anna kjøtslag, kan omsetjast til 'på klephtisk vis'. Sidan kleftarane ikkje hadde sine eigne flokkar, pleidde dei stela lam eller geiter og steika kjøtet i hol i bakken for at ikkje røyken skulle vera synleg.

Kjende kleftarar

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Dontas 1966, s. 24: "Born in 1800, Demetrios Makris, a kleftis, had succeeded his father to the kapetaniliki in the district of Zyghos. A simple yet very stubborn man, like Dimo - Tselios he was a great patriot."
  2. 2,0 2,1 Encyclopædia Britannica, Inc 1995: "Other Greeks, taking to the mountains, became unofficial, self-appointed armatoles and were known as klephts (from the Greek kleptes, "brigand")."
  3. Sowards 1989: "Greek irregulars had operated as bandit klephts and anti-Ottoman insurgents since before the Greek War of Independence in the 1820s."
  4. 4,0 4,1 Cavendish 2009: "The klephts were descendants of Greeks who fled into the mountains to avoid the Turks in the fifteenth century and who remained active as brigands into the nineteenth century."
  5. Encyclopedia Americana 1919: "KLEPTHS, klēfts (Greek, "thieves"). Greek bandits who, after the conquest of Greece by the Turks in the 15th century, kept themselves free in the mountains of northern Greece and Macedonia, and carried on a perpetual war against Turkish rule, considering everything belonging to a Turk a lawful prize."
  6. Encyclopedia Americana 1919, "KLEPTOMANIA", p. 472.
  7. Davis, D.E. (2003). Irregular Armed Forces and their Role in Politics and State Formation. Cambridge University Press. s. 154. 
  8. Davis, D.E. (2003). Irregular Armed Forces and their Role in Politics and State Formation. Cambridge University Press. s. 154. 
  9. Cronin, S. (2008). Subalterns and Social Protest: History from Below in the Middle East and North Africa. Routledge. s. 264. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Trypanis 1981, "The Klephtic ballads", pp. 592–594: "The Klephtic ballads developed in mainland Greece, and in the eighteenth century represented the final and supreme stage in the evolution of modern Greek folk poetry. They can be separated into two groups, one dealing with the achievements or the death of an individual Klepht and the second with the life of the Klephts in general...Among them is a notable series of songs that deal with battles between mountains, a motif that goes back to antiquity, as we know from a fragment of Corinna found on a second-century papyrus in which Mount Helicon and Mount Cithaeron are fighting. Such battles of mountains in Greek folk songs have survived in Crete and in Karpathos, but the most famous of all is the Pan-Hellenic ballad of The Battle between Mount Olympus and Mount Kisavos."