Samefolkets parti

norsk politisk parti

Samefolkets parti, samisk Sámeálbmot bellodat, er eit samisk politisk parti i Noreg. Partiet stiller til val i Sametingsvalet, Fylkestingsvalet og i 2001 og 2005 også til Stortingsvalet.

Samefolkets parti
LandNoreg
Partileiar(ar)Birger Nymo
Grunnlagt15. oktober 1999
HovudkvarterKarasjok kommune
Partiavisnei
Internasjonal tilknytingingen
Kommunestyre-
representantar
11 (2007)
Fylkestings-
representantar
1 (2007)

Partiet har partilag i Alta, Nesseby, Tana, Karasjok, Kautokeino, Oslo, Porsanger/Nordkapp og på Vestlandet. Til stortingsval har partiet berre stilt liste i Finnmark.

Partiet er representert på Sametinget med Ann-Elise Finbog, Márjá-Liissá Partapuoli og Jovna Vars Smuk. Dei to sistnemnde vart vald frå ei fellesliste med Norske Samers Riksforbund.

Klemet Erland Hætta har tidlegare vore ordførar i Kautokeino kommune for partiet.

Ved stortingsvala i 2001 og 2005 stilte Samefolkets parti til val og oppnådde desse resultata i Finnmark:

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne samfunnsartikkelen som har med samar å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.