Klippeløpar

art av sporvefuglar
Klippeløpar
Klippeløpar
Klippeløpar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Klippeløpar
Utbreiinga av Klippeløpar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Ochetorhynchus
Art: Klippeløpar O. melanurus
Vitskapleg namn
Ochetorhynchus melanurus

Klippeløpar (Ochetorhynchus melanurus) er ein fugleart i omnfuglfamilien Furnariidae. Han er endemisk for Chile der han lever i den sentrale delen av landet.[1]

Taksonomi og systematikk endre

Klippeløpar var tidlegare plassert i si eiga slekt, Chilia.[2][3] Han er no plassert i slekta Ochetorhynchus saman med tre artar nemnde markløparar.[4] To underartar er anerkjende, O. m. melanurus sentralt og sør i utbreiingsområdet og O. m. atacamae i nord.[3][5]

Skildring endre

Klippeløparen veg frå 31 til 40 gram, er 18 til 19 cm lang, og har fjørdrakt med mørkebrun overside og ein raudbrun bakdel og flankar, gråaktig bryst og brun buk. Karakteristisk er eit rettpeikande nebb, lysande kvitt strupeområde og ei kvit augebrynstripe, supercilium. Underarten i nord er generelt bleikare enn nominatforma.[5]

Utbreiing og habitat endre

Klippeløpar er endemisk for sentrale og nord-sentrale Chile. Utbreiingsområdet er omtrent frå Atacama-regionen (27 °S) til Colchagua-provinsen i O'Higgins-regionen, 34-35 °S, men dei eksakte avgrensingane er uklåre.[6]

Han finst først og fremst i høgder frå 1400 til 3000 moh., men også i lågare høgder om vinteren.

Han lever i tørre fjellsider og klipper med sparsam vegetasjon, eller med krattvegetasjon,[5] utbreiingsområdet er dels samanfallande med matorral i Chile.[6][7]

Åtferd og økologi endre

Klippeløparen sin diett er hovudsakleg leddyr, men inkluderer også frø. Det er vanlegvis ei einsleg basisføde som plukkar frå steinar og sonderer i sprekkar.[5]

Arten er truleg monogam og hekkesesongen er i den australske våren og sommaren. Reiret er ein klumpete ball av pinnar fora med fjør og er vanlegvis plassert i eit holrom mellom steinar, sjølv om nokre reir er funne i hol inn i jordbankar eller i menneskeskapte strukturar.[5]

Status endre

Klippeløparen er kategorisert som livskraftig av IUCN. Sjølv om den har eit avgrensa utbreiingsområde, er habitatet ganske avsidesliggjande og derfor ikkje sterkt påverka av menneske. Arten er sjeldan å treffe i utbreiingsområdet.[8] Han er verna mot jakt.[5]

Kjelder endre

Referansar
  1. Utbreiingskart for klippeløpar Cornell Lab of Ornithology. Henta 26. februar 2023
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (desember 2008), Updates & Corrections: desember 2008, The Clements checklist of birds of the world: Versjon 6.3.2 (arkivert) original side Cornell Lab of Ornithology: Ref. til side 269. Henta 26. februar 2023
  3. 3,0 3,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (12.2) doi : 10.14344/IOC.ML.13.1. Henta 26. februar 2023
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) søk i Norske navn på verdens fugler Henta 26. februar 2023
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Medrano, F., G. Contreras, C. Piñones, og J. V. Remsen, Jr. (2020). Crag Chilia (Ochetorhynchus melanurus), versjon 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  6. 6,0 6,1 Yerko A. Vilina, Franco Cruz-Jofré & Paola A. Sáez (2010). «Distribución Altitudinal de la Chiricoca (Ochetorhynchus melanurus) en la Región de Atacama, Chile» (PDF). Boletín Chileno de Ornitología, Unión de Ornitólogos de Chile 16: 59–6. 
  7. Birdlife International, Central Chile Henta 26. februar 2023
  8. BirdLife International (2023) Species factsheet: Ochetorhynchus melanurus. Henta 26. februar 2023

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klippeløpar