Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad
fergesamband i Vestland
(Omdirigert frå Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad)
Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad er eit ferjesamband mellom kommunane Øygarden og Bergen med stopp på dei to øyane Bjelkarøy og Lerøy.
Sambandet vart starta opp i 1957 som Klokkarvik-Hjellestad av føretaket M/S Sundbussen. Før den tid, frå 1950 til 1957, hadde passasjerbåten MS «Sundbussen» gått i rute frå Hjellestad til Klokkarvik.[1]
Strekninga vert i dag driven av Gulen skyss med ferja MF «Sundferja». Overfarten frå Klokkarvik til Hjellestad via Lerøy og Bjelkarøy tar om lag 35 minuttar. Ferjesambandet bind saman fylkesveg 555 med fylkesveg 556.
Norled skal overta ruta i 2020 med dei elektrisk ferje.
Ferjer i sambandet
endre- MF «Sundferja»/MF «Fjordgar»: 1957 - 1990
- MF «Fjordgar»: 1990 - 2011
- MF «Hidrasund»: Sommaren 2008
- MF «Fjordbas»: Januar til mars 2012
- MF «Sundferja»: Sidan april 2012 - 2020
- MF «Rosesund»: reserveferje sidan 2015
- elektrisk ferje: 2020
Galleri
endre-
Klokkarvik ferjekai.
Foto: Torstein Fjell
-
MF «Fjordbas» til kai i Klokkarvik i mai 2012.
Foto: Torstein Fjell
-
Lerøy ferjekai.
Foto: Torstein Fjell
-
Hjellestad ferjekai med ferja MF «Fjordbas» i bakgrunnen.
Foto: Torstein Fjell