MF «Fjordgar» (1967)
MF «Fjordgar» i rute Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad 2002 Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Torulf» |
Eigar: | A/S Torulf, seinare Møre og Romsdal Fylkesbåtar |
Verft: | Hatlø Verksted i Ulsteinvik |
Verftsnummer: | 33 |
Sjøsett: | Juni 1967 |
Heimehamn: | Ulsteinvik/Ålesund |
Kjennemerke: | LLZX |
IMO-nummer: | 6721319 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 135 bruttotonnregister, 60 nrt |
Lengd: | 29,07 m |
Breidd: | 7,52 m |
Djupgang: | 2,40 m |
Installert effekt : | 320 bHk |
Framdrift: | 4cyl. 4-takts DM (Aabenraa Motorfabrik Heinr. Callesen i Åbenrå) |
Fart: | 10 knop |
Passasjerar: | 62 passasjerar |
Bilar: | 9 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Fjordgar» |
Eigar: |
1990-1992: Øygarden og Sotra Rutelag 1992-2000: Vest Trafikk 2000-2011: HSD/Tide Sjø/Norled |
Kjøpt: | Januar 1990 |
Heimehamn: | Bergen |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 123 bruttotonnregister, 43 nrt |
Karriere | Finland |
Namn: | MF «Nordic Eider» |
Eigar: | Nordic Jet Line |
Kjøpt: | 2012 |
Heimehamn: | Porvoo |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Rosesund» |
Eigar: | Gulen skyss |
Kjøpt: | November 2014 |
Heimehamn: | Eivindvik |
MF «Fjordgar» er ei bilferje bygt i 1967 som MF «Torulf».
Ferja vart opphavleg bygt for å gå i rute mellom Ulsteinvik, Torvik og Runde, og erstatta ei tidlegare ferje med same namn. Etter at Herøybrua opna i 1976 gjekk ferja mellom Torvik og Runde fram til Rundebrua kom i 1982. Den siste strekninga «Torulf» trafikkerte under MRF-flagg var Molde – Bolsøya.
I januar 1990 vart ferja selt til Øygarden & Sotra Rutelag og omdøypt «Fjordgar». I 1992 vart ho overteken av Vest Trafikk og til slutt i august 2000 av HSD. Sidan vart reiarlaget omdøypt Tide Sjø og Norled. I heile denne perioden og fram til 31. desember 2011, gjekk ho i sambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.
I juli 2012 vart ferja seld til Nordic Jet Line i Finland og omdøypt «Nordic Eider». Der var ho reserverferje og fraktebåt frå Kotka til Pyhtää. Seint i 2014 vart ho kjøpt attende til Noreg av Gulen skyss og fekk namnet «Rosesund». Ho vart då reserveferje på Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.[1]
Ferjesamband
endre- 1967 - 1968: Ulsteinvik-Torvik
- 1968 - 1976: Ulsteinvik-Torvik-Runde
- 1976 - 1982: Torvik-Runde
- 1983 - 1989: Molde-Bolsøya
- 1989 - desember 2011: Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad
- Juli 2012 - november 2014: Kotka - Pyhtää
- Sidan 2015: Reserveferje Klokkarvik–Lerøy–Bjelkarøy–Hjellestad
Kjelder
endre- «Torulf» på Fjordfähren in Norwegen Arkivert 2012-12-15 ved Wayback Machine.
- ↑ «Får ny reserveferge» Arkivert 2015-01-05 ved Wayback Machine. Vestnytt