Pigment

(Omdirigert frå Fargestoff)

Pigment, eller fargestoff, er stoff som gjev objekt farge, ved å reflektera lys av visse bølgjelengder. Pigment finst naturleg i dei fleste dyr og plantar.

Lys med ulike bølgjelengder (fargar) treffer eit pigment. Pigmentet absorberer raudt og grønt lys, men reflekterer blått, slik at overflata ser blå ut.

Pigment i måling og plast eller til trykking er som oftast eit kjemisk framstilt pulver. Det mest utbreidde er det kvite titanoksidet, titankvitt, som har svært høg lysbrytingsindeks. Titankvitt vart oppfunne i 1918 av nordmennene P. Farup og G. Jensen, og tok raskt over for sinkoksid som fargestoff i lys måling.

Til raud og okergul måling bruker ein ulike variantar av jernoksid, og som svart pigment nyttar ein sot. Til alle andre fargar lagar ein i dag organiske, syntetiske pigment, som kan vera langt meir fargesterke enn naturlege mineral, og nesten like fargestabile.

Galleri endre

Sjå òg endre