Opna hovudmenyen
Ulike køller frå arrerntefolk i Australia.
Danmarks kongevåpen inneheld to «vildmænd» med klubber i handa

Klubbe (av norrønt klubba) eller kølle (frå dansk av same norrøne opphav) er ein reiskap eller eit slagvåpen som kan brukast til å slå med. Ei klubbe kan brukast til å truga eller utføra vald med, til dømes av krigarar eller politifolk, eller til ulike spel og idrettar, som golf, ishockey eller krokket. Klubber kan også ha seremonielle roller, til dømes som ei formanns- eller ordførarklubbe.

Ei klubbe kan vera laga av ei tjukk grein, eller ein stokk med handtak i eine enden og ein tjukkare eller utstikkande slagdel i den andre.

Klubber i heraldikkEndra

Klubber kan også vera del av heraldiske våpen. Kommunevåpenet til Sør-Fron kommune syner ei klubbe som skal minne om at Kolbein sterke slo sund Torsfiguren til Dale-Gudbrand i dette området under innføringa av kristendommen, som Snorre Sturlason skriv om i soga om Olav den heilage. Det danske kongevåpenet inneheld to såkalla villmenn med klubber i handa.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Klubbe