Krokket (frå fransk via engelsk croquet, 'krokstav') er eit spel der ein nyttar ei kølle for å slå kuler av plast eller tre gjennom bøylar festa i bakken. Eit krokketspel har vanlegvis frå to til seks spelarar, og desse spelar anten individuelt eller på lag. Spelet kan vera både som rekreasjon og underhaldning for unge og gamle, og som konkurransesport på internasjonalt plan.

Spel ved ein krokettklubb i Edinburgh. Fargane på kulene tyder på at to spel er i gang på same bane.
Foto: 2006

Historie endre

 
Postkort frå 1909 med fransk tekst og to modellar i studio som spelar krokett som «romantisk» aktivitet.

Det eigentlege opphavet til spelet er ukjent, men ein kjenner til spel frå 1300-talet basert på dei same prinsippa som dagens krokket.[1] Dette spelet heitte paille-maille (engelsk Pall Mall), og blei spelt med ei bøygd kølle, treball og to bøylar. Banen var ofte dekt med knuste skjel, og bøylane kunne dekorerast med blomar. Spelet gjekk tilsynelatande litt av mote på 1600- og 1700-talet, men krokket meir likt det ein spelar i dag blei introdusert i England i 1852 eller 1853, etter å ha vore praktisert i Irland.

Det eldste regelsettet for «moderne» krokket ein kjenner til er frå 1856, og er skrive ned av den engelske leiketøyprodusenten Isaac Spratt og publisert av The Stationer's Company i London. Frå England spreidde den meir moderne forma av spelet seg til større delar av verda, og ein kan i dag finna ei rekkje nasjonale og lokale variantar basert på dei same prinsippa som dei engelske variantane. Krokket var med på det olympiske programmet i sommer-OL-1900 i Paris.

I Noreg har sporten fått eit oppsving dei seinare årane, og 11. september 2004 blei Norges Croquetforbund skipa under Jeløy Croquet Clubs Jubileumturnering i Melløsparken i Moss.[2] Forbundet blei oppretta for å vidareutvikla norsk krokket, utstyrsmessig og når det gjeld reglar.

Variantar av krokket endre

 
Krokett-spel med enkelt utstyr i USA 2009.

I tillegg til den meir utbreidde hagekroketten finst det ei rekkje meir regulerte former av spelet. Desse formene blir gjerne spelte av organiserte lag eller klubbar, og det blir her turnert både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

Norsk krokket endre

Norges Croquetforbund har utarbeidd eit regelsett basert på regler samla frå nokre av dei største klubbane i Noreg. Reglane varierer likevel noko frå klubb til klubb, men i turneringar er det vertsklubbens eller regelsettet til Norges Croquetforbund som gjeld.

Golfkrokket endre

 
Moderne krokketutstyr

Golfkrokket blir spelt etter internasjonale reglar, men er relativt enkelt å læra.[3] Spelet gjev likevel gode høve for utvikling då både presisjon og strategi er viktige element i konkurransesamanheng. Det blir arrangert både nasjonale og internasjonale turneringar i golfkrokket, inkludert årlege verdsmeisterskapar.

Det blir helst spelt på ein jamn, kortklipt, rektangulær grasplen som 32 meter (35 yard) lang og 25,6 meter (28 yard) brei.[4] Grensene til banen og midtlinjer bør teiknast opp med kvit farge. I kvart hjørne skal det plasserast eit flagg, 91 cm (1 yard) innanfor dei næraste sidelinjene.

Assosiasjonskrokket endre

Assosiasjonskrokket er ei avansert form for krokket med større krav til dugleik, taktikk og dømmekraft enn dei andre formene for krokket. Reglane er meir avanserte, og det blir arrangert internasjonale turneringar på høgt nivå.

Spelet blir spelt på same type bane som golfkrokket.

Einhandskrokket endre

Variasjon av krokket som ein speler med ei hand. Mest utbreidd i Danmark, men blir òg praktisert av enkelte klubbar i Noreg.

Kjelder endre

  1. Croquet: The Complete Guide to History, Strategy, Rules and Records" by James Charlton & William Thompson
  2. http://www.croquet.no/nyhet.php?id=14
  3. http://www.croquet.org.uk/golf/index.html
  4. «THE LAWS OF ASSOCIATION CROQUET (6th Edition, Amended 2008)». Arkivert frå originalen 17. september 2008. Henta 21. februar 2010.