Det norske kongevåpenet frå 1905 som utforma av Eilif Peterssen.

Kongevåpen er våpenskjold eller våpenmerke brukt av ein konge eller annan monark i samband med sin funksjon som statsoverhovud. Slike heraldiske våpen finst i alle europeiske monarki, og skil seg meir eller mindre frå landa sine riksvåpen, som blir brukt av den statlege styresmakta. I nokre monarki (men ikkje i Noreg), finst omgrepet kongeleg hoffleverandør der utvalde verksemder får bruka kongevåpenet i marknadsføring.

Eit kongevåpen er noko anna enn eit kongeleg monogram, sjølv om også monogram i form av initial (forbokstav), tal og kongekrone blir brukt som kjenneteikn for kongelege personar.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra