Kockums
Kockums eller Saab Kockums Aktiebolag[1] er eit svensk skipsverft som har tilhøyrt Saab sidan 2014. Kockums lagar militære fartøy som ubåtar, overflatefartøy og marinsystem.[2] Det har hovudkontor i Malmö og verksemd på Muskö örlogsbas, Dockstavarvet og ved Karlskronavarvet.
Kockums | |||
| |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 556205-5623 | ||
Bransje | Skipsbygging | ||
Skipa | 1840 | ||
Hovudkontor | Malmö | ||
Land | Sverige | ||
Nettstad | https://www.saab.com/ (engelsk) |
Historie
endreVerftet sprang ut frå Kockums Mekaniska Werkstad, skipa i 1840. Frans Henrik Kockum starta verksemda som hovudsakleg dreiv med produksjon for hushald og landbruk. I 1850 starta dei produksjon av jarnbanevogner og i 1870 eit skipsverft på hamna i Malmö. Familien stod også bak Skånska Cement AB og Kockums Jernverks AB, begge stifta på 1870-talet. I 1913 blei all verksemda i Malmö flytta til verftsområdet på hamna og det gamle verkstadområdet blei til bydelen Davidshall.
Verftet voks kraftig, og i 1952 og 1953 leverte Kockums mest tonnasje av alle verfta i verda. På grunn av økonomiske problem på 1970-talet blei verftet overteke av det statseigde Svenska Varv AB, og den sivile produksjonen blei lagd ned i 1978. I 1989 gjekk Kockums saman med Karlskronavarvet, før dei i 1989 gjekk inn i det tyske Howaldtswerke Deutsche Werft AG.
I 2004 omsette verftet for om lag 1,2 milliardar svenske kroner, og hadde i 2003 1200 tilsette. Frå 2005 var Kockums organisert i ThyssenKrupp Marine Systems.
I juli 2014 blei Kockums kjøpt opp av Saab.[3]
På 1970-talet produserte Kockums òg anleggsmaskinar og skogsmaskinar.
Kjelder
endre- ↑ «Bolagsverket - Näringslivsregistret», snr.bolagsverket.se, henta 27. desember 2020
- ↑ «Organisation | Company in brief | Saab», Start (på engelsk), henta 27. desember 2020
- ↑ «Saab completes acquisition of TKMS AB (Kockums)», Start (på engelsk), henta 27. desember 2020
- Denne artikkelen bygger på «Kockums» frå Wikipedia på svensk, den 25. januar 2008 kl. 09:45.
Bakgrunnsstoff
endre- Kockums AB
- Howaldtswerke Deutsche Werft Arkivert 2009-06-11 ved Wayback Machine.