Kōji Murofushi
Koji Alexander Murofushi (fødd 8. november 1974) er ein japansk sleggekastar frå Numazu i Shizuoka-prefekturet. I 2004 vann han sleggekast-tevlinga under dei olympiske leikane i Athen framfor kviterussaren Ivan Tsikhan. Etter tevlinga var det ungararen Adrián Annus som stod øvst på sigerspallen, men han vart seinare dopingdømd og måtte levere gullmedaljen til Murofushi. Murofushi vart verdsmeister 2011 i sleggekast, tidlegare (1998 og 2002) vann hann Asia-leikane.
Kōji Murofushi | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 8. oktober 1974 (50 år) Numazu |
Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar, professor |
Høgd | 187 centimeter |
Far | Shigenobu Murofushi |
Mor | Serafina Moritz |
Nettstad | http://www.kojimurofushi.net/ |
Kōji Murofushi på Commons |
Murofushi er 187 cm høg og veg 89 kg. Den personlege rekorden hans i sleggekast frå 2003 er 84,86 meter, noko som gjer at han er på femteplass verdsstatistikken i sleggekast. Han er son til Shigenobu Murofushi, som var ein sleggekastar på høgt internasjonalt nivå på 1960-/70-talet.
Medaljar og plasseringar i meisterskap
endre- Sommar-OL 2000 i Sydney: Nr 9 – 76,60 m
- VM i friidrett 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 82,92 m, bakom Szymon Ziółkowski (83,38 m)
- VM i friidrett 2003 i Paris: Bronsemedalje – 80,12 m
- Sommar-OL 2004 i Athen: Gullmedalje – 82,91 m, framom Ivan Tsikhan (79,81 m)
- VM i friidrett 2007 i Osaka: Nr 6 – 80,46 m
- Sommar-OL 2008 i Beijing: Nr 5 – 80,71 m
- VM i friidrett 2011 i Daegu: Gullmedalje – 81,24 m, framom Krisztián Pars (81,18 m)
- Sommar-OL 2012 i London: Bronsemedalje – 78,71 m
- VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 78,03 m
Rekordutvikling
endreÅrstal | Lengste kast |
---|---|
1991 | 61,76 |
1992 | 66,30 |
1993 | 68,00 |
1994 | 69,54 |
1995 | 72,32 |
1996 | 73,82 |
1997 | 75,72 |
1998 | 78,57 |
1999 | 79,17 |
2000 | 81,08 |
2001 | 83,47 |
2002 | 83,33 |
2003 | 84,86 |
2004 | 83,15 |
Kjelder
endre- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Koji Murofushi» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2012.