Szymon Ziółkowski

Szymon Jerzy Ziółkowski (fødd 1. juli 1976) er ein polsk sleggjekastar frå Poznań. Han vart olympiameister i sleggekast i 2000 og verdsmeister i 2001.

Szymon Ziółkowski
SzymonZiolkowski.jpg
Fødd 1. juli 1976 (46 år)
Poznań
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar, politikar
Szymon Ziółkowski på Commons

AktivEndra

Ziółkowski deltok i sitt fyrste sommar-OL i 1996 i Atlanta, der han kom på tiandeplass, medan han under OL 2000 i Sydney noko overraskande tok gullmedaljen i sleggekast.

Under VM 2001 sette han meisterskapsrekord med 83,38 m og vart verdsmeister. Etter eit par mislykka meisterskap, EM 2002 og OL 2004, kom han sterkt tilbake under VM 2005 i Helsingfors, der han kapra bronsemedaljen.

Etter nokre medaljelause meisterskap, kasta Ziółkowski nest lengst i sleggetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin og vann sølvmedaljen. Tre år seinare tok han bronsemedaljen under europameisterskapen, og vart nummer sju under sommar-OL i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra