Kokelv sjøsamiske museum

Kokelv sjøsamiske museum (nordsamisk Jáhkovuona Mearrasámi musea) er eit samisk museum i Kokelv i Hammerfest kommune i Finnmark. Museet ligg i Nillagården i Kokelv, eit sjøsamisk småbruk frå gjenoppbyggingstida etter andre verdskrigen. Museet består i dag av Nillágårdens bustadhus, bygd i 1950, fjøs, uthus og ein tredel av eit fellesnaust, og dessutan eit nyare museumsnaust. Nausta ligg nede på stranda i Kokelv, saman med andre naust som tilhøyrer folk i bygda.

Kokelv sjøsamiske museum
StadKvalsund, Hammerfest kommune
Kart
Kokelv sjøsamiske museum
70°36′40″N 24°38′04″E / 70.61111111°N 24.63444444°E / 70.61111111; 24.63444444

Kokelv sameforeining blei stifta i 1983, med formål om å bevara og utvikla sjøsamisk kultur i Kokelv. For å dokumentera, sikra og synleggjera den sjøsamiske kulturen starta foreininga innsamling av gjenstandar, bilde og anna frå området. I 1991 danna foreininga Kokelv museumslag, som seinare same året grunnla stiftinga Kokelv sjøsamiske museum saman med Kvalsund kommune. I 1992 kjøpte stiftelsen Nillágården, eit nedlagt sjøsamisk småbruk. Museet har i dag utstillingar av dei innsamla gjenstandane i huset, fjøset og nausta. Gjenstandssamlinga til museet består av ei båtsamling på tolv båtar, utstyr og reiskapar tilhøyrande gardsbruk og fiske, husgeråd, og samiske klede og gjenstandar.[1]

Museet er eit av fem museum i Vest-Finnmark som inngår i stiftinga RiddoDuottarMuseat, for samiske museum og samisk kunstsamling i Vest-Finnmark. Resten av er De Samiske Samlinger og Samisk Kunstmagasin i Karasjok, Kautokeino bygdetun i Kautokeino og Porsanger museum i Porsanger.

Kjelder endre

  1. «Om museet». RiddoDuottarMuseat. Henta 11. september 2017.