Koksjetau (kasakhisk Көкшетау, Köksjetau) er ein by nord i Kasakhstan i Akmola oblast med om lag 125 000 innbyggjarar (1997).

Koksjetau
Byvåpenet til Koksjetau
Byvåpenet til Koksjetau
Styresmakter
Land
Oblast
Kasakhstan
Akmola oblast
Grunnlagd 1824
Geografi
Flatevidd 233,97 km²
Innbyggjarar
 - By (1997)

123 400
Koordinatar 53°17′N 69°23′E / 53.283°N 69.383°E / 53.283; 69.383
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 020000
Telefon-retningsnummer +7 7162
Heimeside: http://www.kokshetau.kz
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Byen vart grunnlagd i 1824 og namnet tyder «himmelfarga fjell». Byen har noko lettindustri som matproduksjon. I regionen vert det produsert ein viss grad av kveite og andre avlingar. Det er gruvedrift etter gull nord for byen.

Koksjetau har ein flyplass med flyruter til Almaty og Petropavlovsk. Byen er òg knytt til jernbanenettverket i Kasakhstan og Russland.

Astana, den nye hovudstaden i Kasakhstan, ligg om lag 300 km søraust for Koksjetau. Byen er kjend for den fine naturen og og turiststadane, som t.d. Burabaj.

Bakgrunnsstoff

endre
  Reiseguide for Kokshetau frå Wikivoyage

Kjelde

endre