Kasakhisk
tyrkisk språk
Kasakhisk er eit tyrkisk språk som blir snakka i Kasakhstan, der det er offisielt språk i lag med russisk, men også i områda rundt Kasakhstan. Språket utgjer saman med karakalpakisk, kirgisisk og nogai den aralo-kaspiske gruppa av vesttyrkiske språk.
Kasakhisk qazaq tili, қазақ тілі, قازاق ٴتىلى | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Vesttyrkisk Aralkaspisk Kasakhisk | |
Bruk | ||
Tala i | Kasakhstan Folkerepublikken Kina Mongolia | |
Kasakhisktalande i alt | 8 178 879[1] | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Kasakhstan | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kk | |
ISO 639-2 | kaz | |
ISO 639-3 | kaz | |
Wikipedia på kasakhisk |
Utbreiing
endre- ca. 6 mill. i Kasakhstan
- ca. 1,2 mill. i Kina, særleg i nordlege og austlege Xinjiang, nordvest i Gansu og Qinghai
- ca. 200 000 i Mongolia, mest i nordvest
- ca. 3 000 i Iran, i provinsen Mazanderan ved kysten av Kaspiske hav
- ca. 2 000 i nordlege Afghanistan, særleg vest for Kunduz
- ca. 600 i Tyrkia, i landsbyen Salihli i Manisa og i Kayseri.
- Kasakhisk blir også snakka av mindre grupper i Kirgisia, Russland, Tadsjikistan, Turkmenistan, Ukraina, Usbekistan og Tyskland.
Språket blir skrive med kyrillisk alfabet i Kasakhstan og Mongolia, arabisk alfabet i Kina, Iran og Afghanistan, og med latinsk alfabet i Tyrkia.
Grammatikk
endreMorfologi
endreKasakhisk har sju kasus, nominativ, akkusativ, genitiv, dativ, lokativ, ablativ, instrumentalis.
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Kazakh Arkivert 2011-02-01 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).