Nordre Follo kommune

kommune i Akershus fylke i Noreg

Nordre Follo er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Oslo i nord, Bunnefjorden og Ås i vest, Indre Østfold i søraust og Enebakk i aust.[1] Han er ein av dei folkerikaste i Noreg med innbyggjarar.[2]

Nordre Follo kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ski
Areal 203,00 km²
 - land 196,45 km²
 - vatn 6,55 km²
Folketal 63 560  (1. januar 2024)
Målform Bokmål
Ordførar Cecilie Pind (H)
Kommunenr. 3207
Kart
Nordre Follo kommune
59°45′00″N 10°52′00″E / 59.75°N 10.866666666667°E / 59.75; 10.866666666667
Wikimedia Commons: Nordre Follo
Nettstad: https://www.nordrefollo.kommune.no

Kommunen vart danna den 1. januar 2020 gjennom samanslåing av Ski og Oppegård kommunar i tidlegare Akershus fylke.[3] I samband med samanslåinga vart ein del av Ås kommune (Tandbergløkka) flytta til Nordre Follo.[4]

Kommunevåpenet er eit sølvfarga havreaks på blå bakgrunn. Havreakset står for den rike jordbrukstradisjonen i området. Blåfargen står for himmel og vatn, som fjorden, sjøar og vassvegar.[5]

Geografi endre

Terrenget i Nordre Follo er småkupert og stort sett skogkledd med lausmassar i forsenkingane. Berggrunnen består av gneis som er del av det søraustnorske grunnfjellsområdet. Skimorenen er eit aust-vestgåande ra som dannar vasskiljet mellom vassdraga nordover til Gjersjøen/Bunnefjorden og Mossevassdraget (nedbørfeltet til Kråkstadelva).[1]

Norddelen av kommunen, Oppegård, blir nesten delt i to av den nord–sørgåande Gjersjøen. I nordaust finst åsar på opptil 216 meter over havet og i vest når Svartskogplatået opp til 163 meter over havet. Sør og vest i kommunen er landskapet flatare og lågare, men den høgaste toppen i kommunen, Tømmerås på 313,1 moh.,[6] ligg likevel i sør.[1]

Sør- og vestdelen av kommunen er dekka av store marine lausavsetningar, og dannar store jordbruksområde. Korndyrking er den viktigaste driftsforma.[1]

Folkesetnad endre

Nordre Follo er ein del av Stor-Oslo i Osloregionen. Folkesetnaden er konsentrert rundt bybandet langs jernbanen sørover frå Oslo. Østfoldbanen går aust for Gjersjøen gjennom Kolbotn, Langhus og så til administrasjonssenteret Ski.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Askheim, Svein (20. august 2020). «Nordre Follo». Store norske leksikon (på norsk bokmål). . Fri artikkel.
  2. «Nordre Follo Kommune», www.nordrefollo.kommune.no, arkivert frå originalen 2. januar 2020, henta 2. januar 2020 
  3. Lovdata. (12.12.2017). Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus
  4. Ellen Margrete Ceeberg (30. mai 2018), «Tandbergløkka til Nordre Follo - Ås kommune», www.as.kommune.no (på norsk), henta 15. september 2020 [daud lenkje]
  5. «Kommunevåpen», Nordre Follo Kommune (på norsk), henta 14. september 2020 [daud lenkje]
  6. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. 11. februar 2020. Henta 17. februar 2020.