Søylegang
(Omdirigert frå Kolonnade)
Søylegang, òg kalla kolonnade (frå fransk colonnade og italiensk colénna, som båe tydar søyle), er ein rad med søyler som stør oppe bogar eller kvelv (bogegangar), flate himlingar og andre bygningsdelar. Søyleganger er ofte bygd langsetter ein vegg på ein bygning, med opning ut i det fri på den eine sida av søylegangen, eller søylegangar kan danne ein bygning i seg sjølv, med søyler i parallelle rader og opning mot det fri på både sider av søylegangane.