Plasseringa til Kolymabukta i Aust-Sibir-havet.

Kolymabukta (russisk Колымский залив; Kolymskij Zaliv) er den største bukta i Aust-Sibir-havet. I vest grenser bukta til den nordaustlegaste delen av Kolymalåglandet, nær Medvezjiøyane i vest og Nutel'gyrgymhalvøya og Ajon i aust. Bukta er over 300 km brei.

Kolymaelva munnar ut i havet på vestsida av Kolymabukta og dannar eit stort delta med mange øyar. Kysten av bukta er lågland med mange innsjøar og myrområde. Bukta er isdekt ni månader av året og er ofte tetta av isflak. Andre elvar som munnar ut i bukta er Rautsjua og Tsjukotsjaelva.

Kolymabukta må ikkje forvekslast med den mindre Kolymavika lenger vest.

Adminsitrativt høyrer Kolymabukta til republikken Sakha i vest og den austlege delen høyrer til Tsjukotka autonome okrug i Russland.

KjelderEndra

Koordinatar: 70°000′N 162°000′E